Søre Grindstugu barnehage

Søre Grindstugu er sentrumsbarnehagen i Vågåmo (for 0-6 år). Næraste naboar er Vågåmo skule, Vågå ungdomsskule og Vågå kulturhus. 

I nærområdet vårt har vi mange fine turstigar, og områda ved vakre Vågåvatnet og friarealet i Dompe er mykje brukt av barnehagen. I Dompe har vi stutt veg om vi vil banke på hjå Jutul`n som gøymer seg bak Jutulporten.

Vi har vår eigen vesle eventyrskog / Hakkebakkeskog og kvar avdeling har eigne bålplassar som dei jamleg besøker og lagar seg mat. Vi er mykje ute på tur i nærmiljøet vårt, men også elles i bygda. Dette for at ungane skal bli kjent og glad i bygda si.

Om vinteren lager vi oss skiløyper ved barnehagen noko som er svært populær. Vi nyttar også Vågåhallen jamleg, og 5-åringane er på symjing/vasstilvenning på Vågå hotell gjennom heile barnehageåret

Uteområdet vårt er oppgradert dei siste åra, og har mange nye leikeapparat.      

Barnehagen har gangavstand til sentrum, og kan lett besøke både brannstasjon, kommunehus, tannlege, helsestasjon, bibliotek, butikkar, ymse bedrifter mfl. Vi samarbeider med Vågåheimen der vi  jamleg har songsamlingar til glede for både små og store.

Årsplan 2021-2022 (PDF, 617 kB)

 

Avdelingar:

  • Elgen - 5-åringane
  • Rådyret - 4-åringane
  • Haren - 3-åringane
  • Ekornet - 2-åringane
  • Marihøna - 1-åringane

At vi har aldersgrupper gjer at det pedagogiske opplegget vårt kan tilpassast godt barna og bidreg til at det er ein særs samansveisa gjeng som går over til skulen. Foreldre blir og godt kjent med kvarandre.

Elles har vi felles aktivitetar, songstundar, turar og leik saman ute og inne der ein treffer barn frå alle grupper.       

                                                                                   
Kva er bra med barnehagen? 

  • Sentral plassering = enkel logistikk
  • Nærleik til skular, Vågåhallen, Villaparken og friområde, Ullinsvin med kunstutstillingar, teater på biblioteket med meir
  • Mange leikekameratar – og mjuk overgang til skulen i nabobygget saman med ein kjent vaksenperson frå barnehagen
  • Engasjerte, kreative og omsorgsfulle vaksne som kvar år vel ut fokusområde dei vil jobbe med til det beste for barna, og for å utvikle seg sjølve som vaksne i møte med barna
  • Inkluderande fellesskap
  • Vi har to måltid, frukt og mjølk per dag. Vi følgjer anbefalingane frå helsedirektoratet "Mat i barnehagen". Matglede og tradisjonsmat er viktig for oss gjennom heile året
  • Alle 5-åringane får tilbod om symjing i barnehagen
  • Vi har godt med boltreplass både inne og ute. Vi held oss godt innafor/over arealnormen i følgje barnehageloven med 4 kvadratmeter på barn over 3 år og 6 kvadratmeter på barn under 3 år

Artikkelliste

Kontakt

Jorunn Linderud
Tenesteleiar Søre Grindstugu barnehage
Mobil 976 05 695

Adresse

Vågåvegen 57

2680 Vågå

Tlf.nr. avdelingar:

Elgen - 90 24 82 39

Rådyret - 90 25 51 96

Haren - 46 90 97 68

Ekornet - 46 88 35 20

Marihøna - 45 31 25 05