Når journalen gjerast tilgjengeleg via våre nettsider kan du enklare følge med i kva for saker kommunen behandlar og kven som er involvert. Større openheit og enklare innsyn i kommunens aktivitetar er en styrke for lokaldemokratiet.
Rettigheten er lovfesta, og skal mellom annet sikre at den enkelte person får sjå kva slags type informasjon som er lagra om ein sjølv og kva denne informasjonen blir nytta til.
Saksdokument, journalar og liknande register er opent for innsyn dersom ikkje annet er bestemt i følgje lov eller forskrift.
Den viktigaste loven er kanskje Personopplysningsloven, som mellom annet gir det rett til å krevje informasjon om korleis personopplysningar blir behandla. Loven regulerer blant annet at:
"Alle har rett til å vite kva som blir behandla av personopplysningar og korleis dette skjer. Du kan for eksempel få vite kva skolen, arbeidsgivaren, butikken eller andre behandlar av personopplysningar, kva slags opplysningar dette er og om de har opplysningar om deg.
Alle har rett til innsyn i opplysningar om seg sjølv. Du kan for eksempel sjekke om opplysningane om deg sjølv er korrekte, eller berre be om innsyn berre fordi du er nysgjerrig!" (Kilde: Juridisk fakultet, Universitetet i Oslo)
Nettsidene til Personvernsnemda og Datatilsynet viser meir om innsynsretten du har.
Også andre lover er viktige for å ivareta innsynsretten. To viktige lover er forvaltningsloven (innsyn for den enkelte/partsinnsyn) og offentleglova (innsyn for alle). I tillegg kan innsynsretten blir teke i vare ved å praktisere "meiroffentlegheit". Det vil i kortheit si at kommunane sjølv aktivt vel å publisere informasjon slik at den enkelte ikkje må gå vegen om innsynsbegjæringar. Meiroffentlegheit er slik sett forankra i Kommunelovens § 4 Informasjon om kommunens og fylkeskommunens verksemd:
"Kommuner og fylkeskommuner skal drive aktiv informasjon om sin virksomhet. Forholdene skal legges best mulig til rette for offentlig innsyn i den kommunale og fylkeskommunale forvaltning"
Kommunens postlister/postjournal
Kommunens inngåande og utgåande post registrerast dagleg i henhald til regler i Forskrift til offentleglova av 17.10.2008 (arkivforskriften). Inngåande post i kommunens sentrale post/saksbehandlingssystem fordelast til saksbehandlar som har ansvar for den videre oppfølging og behandling av saken. Postlistene er offentleg. I de tilfelle det ikkje er mogleg å registrere et dokument i postlista utan å røpe opplysningar som er undergitt lovheimla teieplikt vil slike opplysningar være utelate, jf.. arkivforskriften § 10, 2. ledd.
Du finner kommunens postjournalar tilgjengeleg som pdf-dokumenter under fanen "post". I postlista finner du en oversikt over arkivverdig post som har kome inn eller gått ut frå Vågå kommune. Lista blir lagt ut med to dagars etterslep.
Unntatt offentlegheit
Enkelte dokumenter er markert med "unntatt offentlegheit" (u. off.) i postjournalen. Dokumenter som er unntatt offentlegheit har som oftast Avs/Mot og deler av Innhaldsteksten sladda med ********.