Gravemelding

I Vågå kommune er det krav om gravemelding ved tiltak på og ved kommunal veg. 

Vi vil på denne måten få betre oversikt, og få eit nærare samarbeid med bedrifter og private aktørar. 

Dette gjer vi for å bevare standarden på vegane, både for å sikre mot unødig store kostnadar og/eller dårleg resultat, samt for å sikre at alle arbeid følgjer krav til helse, miljø og sikkerheit.

Det er krav om innsendt søknad i form av ei gravemelding med underskrift frå tiltakshavar og den som skal utføre jobben. Saman med gravemeldinga skal det følgje med vedlegg som inneheld oversiktskart og bilete før tiltak vert sett i gang.

Som kravspesifikasjon til arbeidet nyttar kommunen dokumentet «rettleder for ledninger i kommunale veger» samt statens vegvesen sine standardar. I følje veglova kan kommunen også sette ytterlegare krav. Dialog med kommunens administrasjon er her viktig.

Bruk av arbeidsvarsling vert bekrefta på gravemeldinga og tilsyn på dette kan skje uvarsla. Arbeidsvarslingsplan og logg skal vere til stades på arbeidsplassen og alle involverte i arbeidet skal ha godkjent opplæring. 

 

Aktuelle skjema og informasjon:

Forskrift om saksbehandling og ansvar ved legging og flytting av ledninger over, under og langs offentleg veg

Handbok N301 - Arbeid på og ved veg

Kartlølysing

Ledninger i kommunale vegar

Veglova

 

Skjema - gravemelding pdf (PDF, 53 kB)

Skjema - gravemelding

 


Gravemelding med vedlegg kan også sendast:

epost: postmottak@vaga.kommune.no 

eller pr post til:

Vågå kommune
Edvard Storms veg 2
2680 Vågå