Kommunal veg - genereltVågå kommune, ved Teknisk sektor, har ansvar for heilårsdrift, heilårsvedlikehald og forvaltning av om lag 85 km kommunale vegar, gater, gang- og sykkelvegar og fortau. Vegnettet Vegnettet er samansett av fire vegtypar, som ulike instansar har ansvaret for: Vegtype Ansvarleg Riksveg Statens vegvesen Fylkesveg Statens vegvesen Kommunal veg Vågå kommune Privat veg Grunneigar/vegeigar I tillegg har sektoren ansvar for trafikksikringsarbeid, oppfølging av entreprenørar som gjer arbeid på og ved kommunal veg, gravemeldingar, bomvegar og gateljos. Kommunen har vedlikehaldskontrakt med tre lokale entreprenørar. Tenesteområdet omfattar mange ulike arbeidsoppgåver fordelt over året: vårrensk av vegar, sluk, kummar vedlikehald, asfaltering, kantslått, oppmerking, ferister, reinhald oppsetjing av brøytestikkar og annan vinterførebuing brøyting, strøing, bortkjøring av snø, tining av stikkrenner drift av gateljos Kontrakta med entreprenør fastset rammer for vedlikehaldet, t.d. er det fastsett klare krav om når brøyting skal skje. Heimel og grunnlag for tenesta: Veglova Vegtrafikklova Handbok N301, arbeid på og ved veg NS 3070-1:2016, samordning av ledninger i grunnen Forskrift om saksbehandling og ansvar ved legging og flytting av ledninger over, under og langs offentleg veg Veileder: Ledninger i kommunale veger Samordning og samarbeid er viktig i arbeidet for å vedlikehalde vegnettet til beste for brukarane. Kommunen samarbeider derfor både med fylke og stat, med den enkelte trafikant, med aktørar i skulane, friviljuge organisasjonar, ulike vel-lag og bustadområde og med næringslivet i kommunen. Vågå kommune har gjennom eit omfattande samarbeid med dei nemnde aktørane utarbeidd ein trafikksikringsplan som skal vera eit hjelpemiddel i prioriteringa av tiltak. Publisert av Roar Strand Publisert 20.01.2017 14.57