Skøyte

Om ein grunneigedom eller ein festegrunn skal skifte eigar, må heimel overførast ved skøyte.

Utfylling og tinglysing av skøyte er ein privatrettsleg sak, men kommunen vil så langt som rå hjelpe til med utfylling og rettleiing.

Ved frådeling av nye eigedomar vil heimel bli ståande på heimelshavar til eigedomen det har vorte delt frå. Kommunen har ingen moglegheit til å føre opp andre heimelshavarar.

Unntaket er om saka har vorte gjennomført som arealoverføring. Då er heimelsovergangen teke hand om ved tinglysing av arealoverføring.

For skjema og meir informasjon, følg denne lenka.

Til høgre på den sida du får opp, kjem det ei fane som heiter «Veiviser». Denne gjer utfyllande informasjon om korleis ein skal gå fram.
 

I mange tilfelle må eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense registrerast av kommunen i matrikkelen, før skøyte sendast til tinglysing.

Kontakt

Simon Stadeløkken
Ingeniør kart og oppmåling
Mobil 405 35 050