Klarlegging, påvising og ny merking av grenseOm ei eller fleire grensar mot naboeigedomen ynskjast klarlagt, eller grensemerke er borte eller ikkje kan finnast att, kan det rekvirerast oppmålingsforretning. Desse sakene treng ingen nabovarsling, men det må leggjast ved eit kart som syner aktuell(e) grense(r) eller grensemerke. Om det finnast dokumentasjon på korleis grensa går, bes det om at dette blir sendt til kommunen saman med rekvisisjonen. Skjema for å rekvirere oppmålingsforretning for klarlegging, påvising og ny merking av eksisterande grense Publisert av Roar Strand Publisert 10.02.2017 11.29