Leigekøyring snøscooter og motorferdsel i utmark

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning behandla i møtet 22 oktober 2024 sak 45/2024 og fatta følgjande vedtak:

«Med heimel i Forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 5punkt a får følgjande løyve for å drive leigekøyring med snøskuter i Vågå kommune:

Leigekøyringsløyve snøscooter

Leigekøyringsløyve snøscooter
Innehavar av løyve Telefon Området løyvet gjeld for
Bessheim Fjellstue AS 61 23 89 13 Øvre Sjodalen, hytteområdet mellom Hindsæter og kommunegrensa til Øystre Slidre kommune + Bessvatnet. Skiløypekøyring i indre del av Sjodalen heile vinteren.
Besseggen Fjellpark AS 61 23 89 22 Hytter ved Maurvangen, mot Valdresflya og solsida mellom Gjendesheim og Bessheim, samt heile Hoskelia og til nedre Sjodalsvatn. Skiløypekøyring.
Jotunheimen caravan camp 97 00 88 77 Nord for Ottadalen, sør for Otta elv/Vågåvatnet, Lemonsjø/Randsverksområdet og Sjodalen heilt til grensa mot Øystre Slidre. Løyvet omfattar oppdrag i samband med ettersyn, vedlikehald og liknande i området Flatningen/Melingen. Skiløypekøyring.
Sjodalen Hytteservice 91 72 74 27 - 99 00 74 87 Flatningen til kommunegrensa på Valdresflya, samt grensene til Lom, Fron og Sel
Øistein Formo 91 76 49 37 Flatningen, MelingenHeimfjellet og Lemonsjøen. Skiløypekøyring.
Mona Sveen 99 69 38 18 Sjårdalsfjellet (strekningen Kleppe - Skardet)
Ola Preststulen 41 61 29 53 Området nord for Otta elv mellom Vågåruste og Loms grense. Skiløypekøyring.
Brimi Fjellstugu 61 23 98 12 Området Tessosen - Åsvangsætre, Svarttjønn og Krosstjønn (Vågåsida ved Tesse). Skiløypekøyring
Sjur Sande 90 50 02 86 Nedre Heimdalen til grensa mot Langmorkje statsalmenning med Skåbu som utgangspunkt.
Terje's Utleie 90 16 08 07 Sjodalen, Lemonsjøen, Tesse, Melingen, Flatningen
Krambua Sjodalen ved Kjell Øyen 91 15 81 99 Sjodalen
Pål Harlaug 94 37 94 91 Nyseterområdet

 

Det blir sett følgjande vilkår for løyvet:

  1. Løyvet gjeld frå 1. november 2024 til 1. mai 2028. Det er da ein føresetnad at det er snøføre.
  2. Løyvet gjeld for ein snøskuter. (Sjur Sande får to snøskutarar i påska og Sjodalen hytteservice får nytte to snøskutarar ved køyring av saltstein i Russdalen)
  3. Der løyvet ikkje er knytt til eit firma, er løyvet personleg, men namn som er gjeve opp i søknaden kan køyre på løyvet.  Kopi av løyve skal medbringast under køyring.
  4. Transporten skal skje til minst mogleg ulempe for andre brukarar, naturmiljø og eksisterande skiløyper. Transporten må difor samordnast med løypeplan som Vågåfjell Turløypar har. 
  5. Løyvehavar skal etter kvar sesong sende inn oversikt over tal på køyrde turar innan 1. juni.
  6. Uvettug køyring og køyring som bryt med vilkåra for løyvet og ulovleg skuterkøyring elles vil kunne medføre inndraging av løyvet.»

Reinheimen - eigne søknadsrutinar

For Reinheimen er det innført eigne søknadsfristar og søknadsskjema.

 

Sjå også lokal forskrift:

Kommunal forskrift om motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfatløy i Vågå kommune

Artikkelliste

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 480 69 256