Bandtvang

Bandtvangperioden i Vågå går frå 1. april t.o.m. 1. oktober.

I "Lov om hundehold" er perioden for bandtvang sett til 1. april til 20. august, men gjennom lokal forskrift er perioden utvida til 1. oktober i Vågå, av omsyn til beitedyr.

I lokal forskrift heiter det: § 1.Eigar eller innehavar av hund i Vågå kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar.