Tenesta skal stimulere og leggje til rette for skogbruksnæringa slik at alle skogbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike tilskottsordningane som er i skogbruket. Det er vidare ei prioritert oppgåve å arbeide for næringsutvikling i skogbruket ved mellom anna å arbeide for utvikling av sortiment, omsetjingsformer og produkt som er tilpassa tømmerkvaliteten i Nord-Gudbrandsdalen.
Kommunen er det offentlege forvaltningsorganet som skogeigaren skal kontakte for å ordne saker som til dømes frådeling av skogareal, oppdyrking av skogsmark, bygging av skogsvegar og løyve til hogst i vernskog.
Skog-info 2024 (PDF, 2 MB)