Skulekorps

Vil du spille i Vågå skulekorps?  Å spele i korps er sosialt, lærerikt og artig! Meld deg på da vel!

Hausten 2015 starta vi opp med skulekorps i Vågå, med tilbod på messinginstrument og trommer. Og hausten 2019 opna vi opp for treblåsarar i skulekorpset, så no kan vi utvikle oss til eit janitsjarorkester!   Etter obligatorisk 4. klassekorps i skuletida, er elevane frå og med 5.årssteg velkomne til å melde seg på skulekorps, gjennom kulturskulen.

Vi har tilbod om å spela eit av desse instrumenta:  Fløyte, klarinett, kornett, horn, baryton, trombone, tuba eller trommer.

Undervisninga vil bli  ein gong i veka med undervisning individuelt eller i lita gruppe. På måndagar er det samspel for alle saman.   Du vil få leige instrument gratis

Skulekorpset vil ha eigne arrangement i tillegg til kulturskulen sine, td turar, seminar, stevne, deltaking på 17.mai m.m.

Vi satsar på mykje moro og sosialt i tillegg til det musikalske. Dei siste åra har Vågå skulekorps delteke på ein stor korpsfestival på Tusenfryd, utanfor Oslo, med speling og mykje moro. Ungane storkoste seg båe gongane, både musikalsk og sosialt, med ungdomsdisco, pizza, overnatting på skule med alt som høyrer til. Dei siste åra har Vågå skulekorps samarbeidd med Otta skulekorps. Samspeløving foregår i Vågå og på Otta, annakvar månad. Det er og samarbeid med Vågå musikkforeining mot 17.mai.

Velkommen til vordande korpsmusikantar!

Lærarane på skulekorps er Odd Ivar Svelstad, samspel og messinginstrument, Anita Hølmo på klarinett, Anita Moe på tverrfløyte og Paulo Macamo på trommer. Undervisningsdagar for individuell- og gruppeundervisning blir bestemt saman med elevane i byrjinga på skuleåret.

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Mobil 901 58 217

Underviser også i fløyte og teater.