Karusell

Karusell er eit tilbod for dei yngste, primært for dei som går på 1. og 2. årssteg.  Karusellåret er delt inn i fire stasjonar, med kvart sitt hovudfokus: musikk. teater, dans og visuell kunst. Elevane er omlag 8 - 9 veker på den same stasjonen, litt ulikt frå stasjon til stasjon, etter som det dukker opp fridagar  o.l. i løpet av året. 

Karusell vil skuleåret 2024/25 vere på torsdagar rett etter skuletid. Dansestasjonen vil vere på onsdagar, av omsyn til danselærar.

 

Det er fire lærarar som arbeider med karusell:

 

Paulo Macamo er faglærar på musikk. I tillegg er han assistent på dei andre stasjonane. 

Dersom du lurar på noko, skal melde frå om sjukdom el.l. uansett kva for stasjon ein er på, ta kontakt med Paulo på telefon 91684376.

 

Eldri Tofte er dansepedagog og har det faglege ansvaret på dansestasjonen. 

Tlf 91916264 

 

Sigrid Blekastad er faglærar på kunst

Tlf 90297186 

 

Anita Moe er faglærar på teater 

tlf 90158217

 

Saman skal desse fire lærarane gje elevane inspirasjon, smakebitar og introduksjon til livet som kulturskuleelev, når ein seinare vil velje retning og fag i kulturskulen  - dersom ein vil fortsetje i kulturskulen etter karusell.

Teaterundervisning i karusell

Teaterundervisninga i karusell baserast på teaterleik. Det betyr at vi øver teaterteknikkar som inneber rørsle, kroppsmedvit, pantomime, samspel, rollespel, språk, dikt og regle. Vi øver på tryggleik på scena og på kvarandre - alt pakka inn i leik og musikk.

Den siste timen på teaterstasjonen har vi ein open time på scena, eller ei lita framsyning for familie og venner. Her får dykk eit blikk inn i vår magiske verden!

Musikkundervisninga i karusell

På musikkstasjonen prøver vi å syne mange ulike sider ved musikken. Hos oss får du prøve gitar, piano, djembe, trommesett, syngje, samt å blande musikk med teater og dans.

Danseundervisninga på karusell

På stasjonen dans på karusell får elevane moglegheiten til å vere kreative, samarbeide, utforske danserøysler til musikk. I timane skal vi lytte og respektere kvarandre.

Kunstundervisninga på karusell

På kunststasjonen vil elevane få prøve ulike materiale og ulike teknikkar. Dei vil teikne, måle, klyppe, lime, kanskje sy litt eller arbeide med tekstil. Noko hobbyrelatert undervisning også.

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Mobil 901 58 217

Underviser også i fløyte og teater.