Digitalt søknadsskjema for kulturmidlar - gjeld alle lag og organisasjonar
Søknad om arrangementstøtte
Alle lag, organisasjonar og enkeltpersonar i Vågå kommune kan søkje tilskott til gjennomføring av arrangement.
Arrangementet må:
- ha ei allmenn eller ideell målsetjing
- vere ope for alle
- marknadsførast i opne kanalar
- ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensiale
- ha lokal interesse og verdi, og helst gjennomførast i Vågå kommune
- vere gratis for personar med ledsagerbevis
Du som er arrangør må:
- varsle Vågå kommune dersom arrangementet blir avlyst eller endra
- legge budsjett/finansieringsplan ved søknaden
- finansiere minst 50 prosent gjennom eigeninnsats eller anna finansiering
Vågå kommune kan krevje tilskotet attendebetalt dersom arrangementet ikkje blir gjennomført, eller om søkjar har gjeve feilaktige og/eller mangelfulle opplysningar. I særlege høve kan søkjar miste retten til framtidig tilskot.
Vågå kommune set pris på innsatsen som ligg bak eit rikt og variert kulturliv. Arrangement som fremjar samarbeid mellom ulike aktørar vil bli prioritert. Vågå kommune gir tilskot for eitt år om gongen, og maksimal støtte er 50 000 kroner i tilskot til kvart enkelt arrangement.
Velkommen til å søkje!
Søknadsfrist: 15 mars.
Nytt helst det digitale søknadsskjemaet øverst i artikkelen. Søknadsskjema i gammal versjon er utlagt på servicetorget i kommunehuset, eller kan lastast ned her:
Papirbasert søknad må sendast: Vågå kommune, Edv. Storms veg 2, 2680 Vågå - eller på epost