Legat i Vågå

Legata i Vågå og Terje Bronkens minnefond har søknadsfrist 1. februar kvart år.

Legata i Vågå kommune

Stifta 10.03.2015 ved samanslåing av følgjande legat:
• Magna Kristine og Einar Wilhelm Ballestads stiftelse
• Anna og Conrad Carlsens legat
• Gunhild Svares legat
• Ole Håkenstad og hustrus legat
• Øystein Brattlands legat

§1 Legatets namn er "Legata i Vågå kommune"

§2 Formål: Tildeling av midlar frå legatet skal bidra til sosial utjamning og/eller støtte til høgare praktisk, estetisk eller akademisk utdanning for personar busette i Vågå kommune

§3 Styret: Medlemmar i Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg, 7 personar, er legatstyre

Søknadsskjema for Legata i Vågå (PDF, 6 kB)

Terje Bronkens minnefond

Det er mogleg å søkje støtte frå Terje Bronkens minnefond. Minnefondet er meint for ungdom fra Vågå som tek musikkutdanning. Vurdering av søknader blir gjort av Stipendnemnd.

Søknadsskjema Terje Bronkens minnefond (PDF, 6 kB)

Kontakt

Kjersti Frackmann Strass
tenesteleiar kultur
Mobil 970 68 931