Aktivitetar:
- Småbarnskafe
- Kafe og møteplass, tysdag og fredag
- Bøy og tøy
- Gågruppe, med og utan rullator
- Besøksteneste
- Blomsterdamer på Vågåheimen
- Matombringing
- Utkøyring av strøsand
- Allsang-gruppe (Songfuglane)
- Leksehjelp
- Sokkestrikking
- Frivillige til Ting og Tøy-butikk
- Seniordans
- Steinsliping
- Vevstugu
- Internasjonal handarbeidskafe
- Bøy og tøy/Sittedans
- Skravlegruppe for innvandrerkvinner
- Aktivitetsdag (torsdagar)
Er det noko av dette som freistar deg? Har du ide om nye tiltak som kunne passe på Frivilligsentralen? Ta kontakt med oss!
ALLE som har lyst og interesse, tid og overskot kan delta. Frivilligsentralen er open for alle aldersgrupper.
Frivilligsentralen skal leggje til rette for alle som vil gjere ein frivillig innsats eller delta på eksisterande tiltak. Vi skal vere opne for nye idear og hjelpe til å setje desse ut i livet.
Vi skal vere eit tillegg og ikkje ei erstatning for det som er eit offentleg ansvar. Vi skal ikkje påta oss betalte oppdrag eller vere ein erstattar for desse. Vi skal ta vare på dei frivillige og gje dei oppgåver dei vil trivast med.
Kontaktperson: Inger Kari Sæta, tlf.nr 99041280, inger-kari.sata@vaga.kommune.no