Klaus Vatne med tonesette dikt av Jon Fosse - Diktardagar

Klaus Vatne kjem til Vågå bibliotek kl. 14 laurdag 31. august for å framføre tonesette dikt av Jon Fosse.

Arrangørar er Diktardagar og Vågå bibliotek 

Inngang 100 kr. 


Klaus Vatne er ein artist frå Bergen som har vore aktuell sidan 2011 med eigne tonesetjingar av Jon Fosses «Songar» (Samlaget 2009 ). Klaus har framført «Songar» ved fleire scener i Bergen, Litteratursymposiet, WT litteraturfestival i Os, Hovudbiblioteket i Bergen og fleire fylkesbibliotek. Han har vitja «Vaksne Herrars Orkester" og dessutan vist fram songane sine til eit begeistra publikum på viseshowet "Thorsen og di" der mellom anna Helge Jordal og Katrine Lunde McKenzie medverka.

Musikken hans er blitt spelt på P1 og andre stasjonar. Han har fått omtale fleire gonger i Bergens Tidende, Vaksdalposten og Framtida. Han har Jon Fosse-prosjektet som hovudsatsing, og har jamnleg konsertar.

Bilete av Klaus Vatne som skal ha førestilling med tonesette dikt av Jon Fosse - Klikk for stort bilde