Kva er ein tryggleikssalarm ?

Tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar  gjennom heile døgnet. Tryggleiksalarmen består av ei stasjonær eining (med alarmknapp, lyd og mikrofon), og ei mobil eining du kan ha rundt halsen eller på handleddet. Den stasjonære tryggleiksalarmen må ha strømtilkopling, og har eit SIM-kort for å nytte det mobile nettet til å sende alarmsignal når ein har utløyst denne. 

Når du trykkjer på alarmknappen, går alarmen til Responssenteret på Otta. Helsepersonell vil prate med deg gjennom høgtalaren på den stasjonære tryggleikssalarmen, og vurdere om det er behov for at Heimetenesta besøkjer deg. Om ei samtale ikkje er mogleg gjennom Responssenteret, vil helsepersonell i Heimetenesta få beskjed (via mobiltelefon) om at alarmen din er utløyst.  Responssenteret fylgjer opp alarmen til oppdraget er utført.  

Det finst og ulike tilleggsutstyr til tryggleiksalarmen. Dette kan vere dørsensor, fallsensor, tråkkesensor og røykvarslarar. Dette er trådlause sensorar  som kan gje varsel om ulike situasjonar og etter fastsette tidspunkt. 

Bilete av tryggleiksalarm Anita Stokstad

 

Kva slags fordelar kan ein tryggleiksalarm gje deg?

Installering av tekniske løysingar kan gje deg betre tryggleik i heimen. Målet med velferdsteknologiske løysingar er å hjelpe deg til å bli så sjølvhjulpen som mogleg, og at du meistrar din kvardag i størst mogleg grad. Det kan og gje dine pårørande auka tryggleik. 

 

Kvar henvendar du deg for å få tryggleiksalarm?

Tildelingskontoret tlf : 91 13 43 58/45 31 24 51

Søknadsskjema for tildeling av tryggleiksalarm (PDF, 128 kB)