Tildelingskontor - tildeling av tenester i helse og omsorg

Tildelingskontoret tek i mot og behandlar søknader om helse- og omsorgstenester i Vågå kommune. 

Tildelingskontoret innfører telefontid frå 5.7.24 på grunn av redusert bemanning. Telefontid på 45 34 55 73 måndag, onsdag og torsdag kl. 10.00-13.00. Du kan og sende epost til oss, men hugs å ikkje sende epost med sensitivt innhald.

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF, 128 kB)

Fullmakt (PDF, 94 kB)

Sjå Kvalitetstandarden (PDF, 412 kB) for nærmare informasjon om tenestene innan Helse og omsorg.

For å få vurdert søknaden vil Tildelingskontoret i dei fleste tilfelle foreta ei kartlegging ved eit heimebesøk. Det er ønskjeleg at nærmaste pårørande deltek under ei slik kartleggingssamtale. Det blir gjeve skriftleg svar på søknaden og det blir fatta enkeltvedtak på alle tenester som er forventa å vare utover 14. dagar.

Om du ønskjer informasjon om våre tenester eller har spørsmål om søknad om tenester kan du kontakte oss. 

Funksjonen «Koordinerande eining for habilitering- og rehabilitering» er underlagt Tildelingskontoret.

Meir informasjon om rehabilitering (helsesenter/fysioterapi/ergoterapi)

Artikkelliste

Kontakt

Ragnhild Brun Øygarden
Ergoterapeut
Telefon 488 93 996

For tildelingskontor - ring 91 13 43 58

For ergoterapi - ring 48 89 39 96