Dette er eit lågterskeltilbod og tenesta er gratis. Du kan sjølv ta kontakt eller få fastlegen din til å sende ei tilvising.
Opningstida er måndag til fredag kl 8.00 – 15.30. Utanom opningstida lyt ein ved behov ta kontakt med legevakt på telefon: 116 117.
Målgruppa hjå rus- og psykisk helseteneste er i hovudsak alle over 18 år som bur og oppheld seg i Vågå kommune. Vi samarbeider med helsestasjonen, og i nokre tilfelle tek vi imot personar i ungdomsskulealder.
Tenesta er lovpålagt - sjå m.a. Helse og omsorgstjenesteloven § 3-3, og vi har jorunalføringsplikt.
Informasjonsbrosjyre (PDF, 695 kB)
Innhald i tenesta:
- Kartlegging og oppfølging av personar med psykiske lidingar/utfordringar og rusproblematikk
- Bidra til god livskvalitet for pasienten. Arbeidet skal fremje sjølvstende og meistring av kvardagen og daglege gjeremål
- Individuell samtalebehandling
- Utarbeiding og oppfølging av Individuell plan og/eller behandlingsplan
- Treningsgruppe ved Vågå Treningssenter
- Utandørs turgruppe
- HUSET: Møteplass for sosialt samvær og ulike aktivitetar for våre brukarar
- Rettleiing og rådgjeving til pasient og pårørande
- Heimebesøk ved behov
- Deltaking i FACT-team
Vi samarbeider tverrfagleg med fleire ulike tenester; NAV, DPS, helsestasjonen, lege, heimetenesta, barnevern og fleire ved behov.
Kommunepsykologen bistår rus- og psykisk helseteneste med rettleiing og deltek i tverrfaglege drøftingar.
Kommunen kan og yte andre tenester som for eksempel støttekontakt, treningskontakt, buveiledning, tryggleiksalarm, matombringing, heimehjelp og heimesjukepleie. Dette er tenester det søkes om ved tildelingskontoret.
Tildelingskontoret: 61 29 37 65
Servicetorget: 61 29 36 00