Heimetenester

Kontakttelefon heimetenesta:  døgnvakt 97 05 26 51

Avd.leiar og tenesteleiar er å treffe frå kl. 0800-1530 måndag til fredag. Kveld, helg og høgtid må dei ringe døgnvakttelefon 97 05 26 51

Kontakttelefon Vågåheimen: døgnvakt 48 04 92 50

Tenesteleiar er å treffe frå kl. 07.30-15.00 måndag til fredag. Kveld, helg og høgtid må dei ringe 48 04 92 50. 

Kontakttelefon Finntunet: 48 10 59 54

Heimetenesta er ei av tre einingar under Helse- og omsorg. Det omfattar mellom anna heimetenester og dagtilbod for heimebuande med demens. Tenesta har i tillegg ansvar for drift av ordningar som det store brannløftet. velferdsteknologiske hjelpemiddel (herunder trygghetsalarmer), omsorgsløn, avlastningstiltak, brukarstyrt personlig assistanse (BPA) og personlig assistanse (PA). 

Heimesjukepleie

Heimesjukepleia blir gitt til akutt og kronisk sjuke, utan omsyn til alder og økonomi, som bur eller har mellombels opphold i kommunen. All hjelp blir tildelt etter individuell vurdering og blir vurdert fortløpande. Heimesjukepleia er ei døgnteneste og tenesta er gratis.

Praktisk og personleg bistand (herunder heimehjelp)

Vågå Kommune organiserer praktisk bistand og opplæring på ulike måter og dette blir presisert i vedtaket: Det vanlige er:

  • Praktisk bistand til daglege gjeremål - heimehjelp.
  • Opplæring i daglege gjeremål – heimehjelp
  • Målretta miljøarbeid
  • Tenester organisert som brukarstyrt personlig assistanse (BPA) eller personlig assistanse (PA) utan brukarstyring
  • Støttekontakt

Støttekontakt 

Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre og bidra til på få ei meiningsfull fritid. Støttekontakt kan gjevast som treningskontakt. Antall timar og formål med tenesta blir individuelt vurdert og brukaren får enkeltvedtak der dette er presisert. 

Vågå kommune inngår oppdragsavtale med støttekontakt. Alle støttekontakter må levere politiattest og er underlagt teieplikt. Støttekontakt får timeløn, utgiftsgodtgjersle og køyregodtgjersle til og frå heimen til brukaren.
Brukaren må sjølv dekkje utgifter til transport til butikk, kafe og liknande. Vågå kommune tilrår å bruke Statens Betalingsregulativ som utgangspunkt. 

Omsorgsbustader

Tenesta skal være eit tilbod om tilrettelagt bustad for eldre og funksjonshemma der bustaden vil vera til hjelp for at brukaren skal klare seg best mogleg, føle seg trygg og at offentleg teneste skal vere lett tilgjengeleg.

Omsorgsbustad blir tildelt etter individuell vurdering med utgangspunkt i søkjaren si funksjonshemming, sjukdom og/eller alder. Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. 

Vågå har omsorgsbustader i Vågåmo og på Lalm.

Omsorgsstønad

Kommunen plikter å ha tilbod om omsorgsstønad til personer med særleg tyngande omsorgsarbeid.
Hovudformålet med omsorgsstønad er å gje ei økonomisk støtte til familiebasert omsorg til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, og bidra til best mogleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å utføre hjelpa.
Omsorgsstønad er ikkje ei teneste ein automatisk har krav på, men blir fastsett etter ei skjønnsmessig vurdering.

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ei ordning der brukar kan koma i kontakt med heimesjukepleia ved ein akutt situasjon der ein treng hjelp, men ikkje nyttar telefon. Tryggleiksalarmen skal medverke til å skape trygghet for brukaren.
Heimebuande eldre og funksjonshemma kan bli tildelt tryggleiksalarm ut i frå gitte kriterium.
Tryggleiksalarmen er kopla opp mot NGLMS, som tek kontakt med heimesjukepleia eller andre (t.d. pårørande) etter avtale. Heimesjukepleia har ansvar for å kontakte brukaren. 

Vågå kommune har digitale tryggleiksalarm med moglegheit for tilkopling av tryggleikssensorar, som døralarm og røyksensor. 

Eigendel er for tida kroner 200,- i månaden der alarmen er innvilga som ei serviceteneste. Om tryggleiksalarmen er erstatning for nødvendig helseteneste i heimen, som til dømes tilsyn frå heimesjukepleia, så er alarmen gratis. 

Dagtilbod utanfor institusjon

Dagtilbod til personar med demens.
Tenesta skal utsetja utvikling av sjukdom, vedlikehalde funksjonar, avlaste pårørande og auke trivselsnivået til den sjuke.

Tenesta er eit dag tilbod måndag, tysdag, torsdag og fredag frå kl 09.00 – 15.00 til heimebuande med demens. Brukarane er fysisk aktive og vurderte av demensteamet i kommunen. Henting skjer til og frå heimen til brukaren.

Brukarane blir aktivisert med turgåing, hobbyverksemd, snekring, matlaging eller å bake. Betaling for transport er etter gjeldande vedtak.

Matombringing

Matombringing blir gjeve til heimebuande som er ute av stand til å tilberede mat sjølv eller som elles ikkje klarer å ivareta tilstrekkeleg ernæring. Det blir levert varm mat frå kjøkkenet frå Vågåheimen, inntil 7 dagar i veka. Brukar må sjølv gjeva beskjed om behov for spesialkost, til dømes diabetes, allergi eller behov for findelt mat. 
Vurdering av behov for matomrbigning blir gjort av Tildleingskontoret. Det er eigenandel for matombringing, sjå gebyrregulativet for gjeldande sats. 

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering passar for heimebuande brukarar som ikkje lenger meistrar dagleglivets aktivitetar som før. Dette er ei tidleg og tidsavgrensa rehabilitering, der opptrening i daglege gjeremål skjer i eiga heim og nærmiljø. Brukarens eigne mål står sentralt og kvardagsrehabilitering startar alltid med spørsmålet «Kva er viktige aktivitetar for deg?».

Sjå brosjyre for meir informasjon (PDF, 787 kB) eller kontakt ergoterapeut

 

Prisliste heimehjelp

Prisliste andre tenester i helse og meistring

Kontakt

Kitt Heidi Telebond
Tenesteleiar heimetenesta
Mobil 907 06 834
Pia Katrine Søberg
Avdelingsleiar Heimetenesta
Mobil 970 52 651