Etterbruk Lalm skule - idear og innspel

Lalm skule blir lagt ned i 2023, og elevane blir flytta til Vågåmo. Barnehagen skal bli verande.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide framlegg til den framtidige bruken av skulelokala og området rundt.

Arbeidsgruppa vil gjerne ha idear eller konkrete forslag frå deg som innbyggar, næringsaktør, eller andre. Kom med innspelet ditt her. Frist: 15. mai 2023.

NB: Det blir folkemøte på Lalm samfunnshus tysdag 25. april kl.  18.00

Lalm skule - plan 1.etg (PDF, 399 kB)  Det er venstre del i teikninga som viser skuledelen. Resten er rom for barnehagen, personalrom m.m.

Lalm skule - rømningsplan sokkel (PDF, 230 kB)

Kart over området: