Felles ordning med personvernombod for Vågå, Lom og Skjåk kommunar
Stortinget vedtok i mai 2018 ei ny personopplysningslov som gjennomfører EU si personvernforordning (GDPR) i Norge. Justis- og beredskapsdepartementet forventar at den nye personopplysningslova vil bli sett i kraft i løpet av juli 2018.
Når behandlinga av personopplysningar blir utført av ei offentleg myndigheit eller eit offentleg organ pliktar ein å opprette ordninga med personvernombod.
Det er inngått samarbeid om felles ressursperson knytt til GDPR i regionen. Har du spørsmål, kan du ta kontakt via:
personvernombod@vaga.kommune.no
Personvernombod
Personvernombodet kan hjelpe i spørsmål om personvern som gjeld kommunane.
Personvernombodet i Vågå, Lom og Skjåk kommunar skal sørgje for at kommunane behandlar personopplysingar i tråd med regelverk og god praksis. Ombodet skal hjelpe tilsette og innbyggjarar med personvernspørsmål.
Personopplysningar er all informasjon eller vurderingar som ein kan knyte til deg som enkeltperson. All behandling av personopplysningar er regulert av personopplysningslova. Denne lova skal ivareta personvernet ditt, gjennom å setja krav til korleis slike opplysningar skal bli behandla.
Personvernombodet skal:
- Informere og gje råd til behandlingsansvarleg og dei tilsette
- Overvake etterleving av forordninga og interne retningsliner
- Gje råd om DPIA (personvernkonsekvensar), og kontrollere gjennomføringa av desse
- Samarbeide med Datatilsynet, og vera kontaktpunkt for Datatilsynet
- Vere kontaktpunkt for dei registerte
Rett til innsyn
Alle innbyggjarane har rett til innsyn i kommunen si behandling av personopplysningar. Retten gjeld generell informasjon og opplysningar som er registert på dei. Tilsette har på same måte rett til innsyn om kva kommunen som arbeidsgjevar har registert om dei. For mindreårige og umyndige har føresette eller verge rett til innsyn i registrerte opplysningar.
Innbyggjar og tilsette, som ønskjer innsyn i behandling av personopplysningar i kommunen, kan kontakte tenesta eller avdelinga som utfører behandlinga.
Andre spørsmål kan rettast til personvernombodet
Korleis kontakte personvernombodet?
Epost: personvernombod@vaga.kommune.no
Sentralbord: 61 29 36 00
Mobil: 48 16 55 34