Kommunedirektøren

Kommunedirektør Odd Erik Sveen

Tlf 61 29 36 00
Mobil 48 02 83 89

Send e-post

Kommunedirektøren har den overordna leiinga av kommunen si samla verksemd. I dette ligg det å legge til rette for og koordinere dei oppgåvene kommunen har, sjå til at politiske vedtak vert gjennomført og føre tilsyn med heile forvaltninga i kommunen.

Kommunedirektøren si rolle er både ein funksjon og ei stilling. Denne heilheitlege rolla som kommunen legg til grunn, kan ikkje utøvast av ein person åleine, men blir ivareteke av leiargruppa.

Målet for leiargruppa er å leie, utvikle og samordne tenestetilbodet og sikre best mogleg utnytting av menneskelege og økonomiske ressursar til beste for innbyggjarar og i samsvar med vedtekne politiske mål.